Jamn kamp der laga hadde kvar sin omgang i sørvesten på Uggedal grus. Spelemessig var det vanskeleg å få til noko konstruktivt, men ei god treningsøkt for begge lag vart det likevel.
Dommar: Odd Arne Grande (Skodje)
1-0 Kristian Furnes (28)
2-0 Skjalg Volstad (43)
2-1 Svein Ove Farstad (49)
2-2 Frank Gjerde (81)

Like etter pause kjem Lepsøy sin angripar nok ein gong åleine med keeper, og denne gong måtte keeper Søviknes bruke ulovlege middel for å stoppe han. Dommar Grande bles då korrekt for straffe. Den sette Svein Ove Farstad i mål via fingertuppane til Søviknes.
Andre omgang vart spele og sjansemessig ein svakare omgang enn første. Marius Eide hadde ein stor sjanse til å utlikne like etter reduseringa. Knappe ti minutt før slutt utlikna Lepsøy sin tilbakevende son Frank Gjerde då han sette ballen i tomt mål frå kanten av 16 meteren.
kjelde: www.norborg.com