Norborg2 – Lepsøy 2-2

11 03 2007

Jamn kamp der laga hadde kvar sin omgang i sørvesten på Uggedal grus. Spelemessig var det vanskeleg å få til noko konstruktivt, men ei god treningsøkt for begge lag vart det likevel.

Dommar: Odd Arne Grande (Skodje)

1-0 Kristian Furnes (28)
2-0 Skjalg Volstad (43)
2-1 Svein Ove Farstad (49)
2-2 Frank Gjerde (81)

fotball.jpg

Like etter pause kjem Lepsøy sin angripar nok ein gong åleine med keeper, og denne gong måtte keeper Søviknes bruke ulovlege middel for å stoppe han. Dommar Grande bles då korrekt for straffe. Den sette Svein Ove Farstad i mål via fingertuppane til Søviknes.

Andre omgang vart spele og sjansemessig ein svakare omgang enn første. Marius Eide hadde ein stor sjanse til å utlikne like etter reduseringa. Knappe ti minutt før slutt utlikna Lepsøy sin tilbakevende son Frank Gjerde då han sette ballen i tomt mål frå kanten av 16 meteren.

kjelde: www.norborg.com





Avlyst kamp mot Brattvåg2.

24 02 2007

A-laget skulle igrunn spele kamp mot Brattvåg2 laurdag 24/2, men trekte seg sidan dei ikkje klarte å stille lag.





Lyngbrann

24 02 2007

Det var ikkje mange  som visste om at det brann oppe på fjellet i dag. Mange frå øyane rundt oss, og til og med ålesundarane kunne sjå røyken som steig opp på baksida av øya. Brannmanskapet og frivillige fekk til slutt kontroll over flammane ca. kl. 8 dagen etter at brannen starta.  

Les meir…





Lite oppdateringer

24 02 2007

No er det lenge sida eg har oppdatert sida, men eg skal prøve å forbetre meg.





Yrkesmesse 2007

25 01 2007

I morgon (fredag 26.januar) skal vi i 10.klasse til Yrkesmessa i Brattvåg. Vi får og ei stund der vi får prøve oss praktisk på den linja vi har valgt å gå til neste år. Vi i 10 skal møte opp i auditoriet kl 09:30. Frå kl. 13:15 – 14:30 får vi arbeide i bedrift. “Kan no bli ari’ det” :) … PS! Får sjå om eg klarer å trykkje nokre bilete frå yrkesmessa inn på bloggen.


 





4 på Richters skala.

25 01 2007

Søndag 21. januar var det eit jordskjelv på Mørekysten. Dette skjelvet målte heile 4,0 på Richters skala.  Dette er det kraftigaste skjelvet målt i Noreg sidan 1980avlesning.GIF.  Episenteret blei målt til 6 km. frå Brattvåg.  Her er ei lita oversikt over Richters skala:
2,0 Vanligvis ikkje følbart
2,0-2,9 Marginalt følbart
3,0-3,9 Merkast av nokre
4,0-4,9 Merkast av dei fleste
5,0-5,9 Øydeleggjande rystelser
6,0-6,9 Øydeleggjande rystelser med dødsofrar
7,0-7,9 Kraftige skjelv, omfattende skadar
8,0 Store skjelv, katastrofale skadar                                                  





Big Mama er død!

12 01 2007

big_mama.jpgNo har den store kveita Big Mama tatt eit siste svømmetak i Atlanterhavsparken, Ålesund. Den gamle kveita var ei av hovedatraksjonen til Atlanterhavsparken, og dykkarar fann den store kveita død i stortanken. Big Mama viste tydlege teikn på alderdom. Dei siste dagane ho var i live, låg ho i eit hjørne av stortanken og åt ikkje mat i det heile tatt. Big Mama var akkuratt to meter lang når ho døde og mellom 50 og 60 år gamal.                                                                                                      (Foto: Roger Engvik)

Kjelde: smp.no





Vinterball 2007

10 01 2007

logo.gifVi i ungdomsskulen på Løvsøya har laga til vinterball. Vi har fått låne både sal, røykmaskin, mikrofonar m.m, so det skal ikkje stå på utstyret. Jentene i 10. klasse har bestemt at vi skal ete kalkun. Det skal og vere xbox, dansematte, karaoke, storskjerm og kanskje playstation 2? 

Ballet blir fredag den 12 januar. Men blir det ein suksess? Vi fer berre vente og sjå…   





Slutt med fyrverkeri?

5 01 2007

Laurdag kan vere siste gong du skaut opp fyrverkeri. fyrverkeri_06.jpg

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap går no inn for å forby privatpersoner å skyte opp fyrverkeri.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap går nå inn for å forby privatpersoner å skyte opp fyrverkeri. Og justisminister Knut Storberget vil vurdere innstramminger.

Avdelingsleder Siri Hagehaugen sier til Bergens Tidende at direktoratet har bedt Justisdepartementet om å sette ned et utvalg som skal vurdere å forby privatpersoner å skyte opp fyrverkeri.

Statssekretær Terje Moland Pedersen sier til BT at statisministeren allerede før han blei informert av direktoratet, besluttet at innstramming av salg og bruk skal vurderast.

For mykje uvettig bruk
Det er de mange ulykkene ved uvettig bruk av fyrverkeri de siste årene som gjer at direktoratet vil gå til det drastiske skritt å foreslå forbod.

Kommunene skal innrapportere alle episoder om uvettig bruk til direktoratet. Hagehaugen har ennå ikkje fått årets rapporter.

- Men de siste fem årene har vi hatt ca. 100 til 120 ulykker kvart år. Det er altfor mange. Vi har også merka oss at store deler av opinionen ser ut til å være positiv til å forby fyrverkeri. Derfor ynskjer vi no å få en bredere politisk vurdering, sier Hagehaugen.

I utgangspunktet er det i dag forbode for private skyte opp fyrverkeri. I regelverket er det imidlertid gjort unntak for nyttårsaftan. Men det enkelte bystyret eller kommunestyret kan allereie i dag forby fyrverkeri gjennom politivedtektene.

Hagehaugen opplyser at så vidt ho veit er det i dag bare Røros kommune som fullstendig forbyr oppskyting av private nyttårsraketter. Kommunestyret der har vil ikkje risikere at raketter setter fyr på den verneverdige trehusbebyggelsen.

Rolig på Vestlandet
Direktoratet har så langt ikkje oppsummert erfaringene med salgsbegrensningene i Hordaland og Rogaland i dagene før nyttårsaftan.

- Politiet har meldt om rolige dagar og lite uvettig bruk av fyrverkeri i romjulsdagane. Men etter det vi kjenner til frå media, var det flere episodar og ulykker som følge av uvettig oppskytinger nyttårskvelden. 
Statssekretær Moland Johansen i Justisdepartementet seier de mange brannane og dei alvorlige ulykkene som fyrverkeri forårsaker, bekymrar.

- Etter at vi har fått innrapportert erfaringane frå den siste nyttårsfeiringa, vil vi foreta ei vurdering.  Eg vil ikkje proklamere et forbod over bordet. Men vi ser at det kan vere behov for å stramme inn omfanget både av salg og bruk.

Blir det forbod eller meir omfattande begrensninger, er det Kongen i statsråd som må ta den endelege avgjerelsen.

Kjelde: BergensTidene





Counter-strike forbud i Bayern?

4 01 2007

Counter-Strike slutt for Bayeriske-ungdommar?Counter-Strike

Det heile starta med  skuletragedien i Nordrhein-Westfalen i November, der ein 18-åring skaut vilt rundt seg og såra 37 mennesker før han tok sitt eige liv. Mannen ble seinere beskreve som ein einstøing med stor interesse for våpen og skytespel.

No vil fleire delstatspolitikarane i delstaten Bayern bruke paragraf 113 i den tyske straffelova mot deltakarar i voldsspel. Bl.a. er Bayerns innenriksminister Günther Beckstein og delstatens ministerpresident Edmund Stoiber.

Ett års fengsel for å spele
Dei to kristeligdemokratiske (CSU) politikerne mener det allereie er grunnlag for å gi ett års fengsel for voldelig opptreden i spill – uansett om det berre er fantasifigurer som blir skada.

Dei meiner at eit slikt forbod mot voldelig oppførsel internt i spel ikkje trenger ei ny lov. Den eksisterende straffelova forbyr allereie voldeleg og trugande oppførsel. Det gjeld også i en virtuell verden der flere enn ein person er involvert, hevder dei.

Tysk sjølvsensur
Tyske spel-leverandørar praktiserer allereie ein utstrakt sjølvsensur som ikkje fins verken i Noreg eller andre land. Det er for eksempel ingen som lider en blodig død i den tyske utgåva av Counter-Strike. Dei som blir truffet, forsvinner i lause lufta framfor å segne om i ein blodpøl, slik dei gjer i den opprinnelige utgåva.

Kilde: 
ItAvisen.no & der Spiegel